Kvinnherad idrettsråd (KIR) er sett saman av alle idrettslaga i kommunen som er medlemar av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).
Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølgje NIF sitt lovverk ha eit idrettsråd. Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten i den einskilde kommune, organisert i NIF gjennom idrettskretsane og underlagt NIF sine lovar og vedtekter. Idrettslag med medlemskap i NIF vert automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune.
KIR skal arbeide for best moglege tilhøve for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal være en arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskretsen.
Blant idrettsrådet sine oppgåver er å formidla idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheiter, og å fordela lokale aktivitetsmidlar (LAM) mellom laga.
Årsmøtet er idrettsrådet sitt øvste organ. Det er vert halde innan utgangen av mars, og her vert innsatsområde og oppgåver til styret vedtekne. Styret vert sett saman av personar frå medlemslaga, og valkomiteen legg stor vekt på breidde i representasjonen, både geografisk og i høve til idrettsgreiner.