Formål

KHK2-210913

Idrettsrådet skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i Kvinnherad.

Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen. Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i kommunen som er organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) gjennom idrettskretsen. Idrettslag i Kvinnherad kommune med medlemskap i NIF vert automatisk medlem av idrettsrådet. Idrettsrådet skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak.