2016

Kvinnherad idrettsråd har i 2016 fordelt kr. 901.147,- i aktivitetsmidlar til idrettslaga i Kvinnherad. Dette er ein auke på ca. 5 % frå i fjor og midlane vert overført mot slutten av året.

Årsmøtet har vedteke desse kriteria for fordeling:

Alle idrettslag med barne- og/eller ungdomsaktivitetar får eit grunnbeløp på kr. 1.000,-.

Alle idrettslag med ein namngitt ressurskontakt m/vara får eit grunnbeløp etter følgjande skala:
0-250 medl. : 2.500,-
250-500 medl. : 5.000,-
500-750 medl. : 10.000,-
750- medl.: 15.000,-

Kr. 50.000,- skal delast ut til barne- og ungdomstiltak gjennom breiddestipendet.

Dei resterande midlane vert fordelt med vekttal 2 for ungdom (13-19 år) og vekttal 1 for barn (6-12 år).

Grunnlag for utrekninga er aktivitetstal frå idrettsregistreringa slik dei ligg føre i KlubbAdmin.

Retningslinene frå KUD og NIF vert lagt til grunn.

Styret vedtok denne fordelinga i sitt møte 19.10.2016:

 BasisRessurskontaktBreiddestipendVekta 6-19Sum
Folgefonn RC-klubb00 00
Folgefonn Sportsskytterlag00 00
Halsnøy Idrettslag1 0000 88 35789 358
Halsnøy O-Lag00 00
Herøysund Idrettslag1 0000 12 80213 803
Husnes Karateklubb1 0000 7 0288 028
IL Strand-Ulv1 0005 000 101 912107 912
Kvinnherad Badmintonklubb1 0002 500 1 0044 504
Kvinnherad Golfklubb1 0000 14 05715 057
Kvinnherad Handballklubb1 0005 00015 00061 24882 248
Kvinnherad Motorsportklubb1 0000 1 0042 004
Kvinnherad Pistolklubb00 00
Kvinnherad Roklubb1 0000 2 0083 008
Kvinnherad Sportsskyttarklubb00 00
Kvinnherad Undervannsklubb00 00
Matre Idrettslag1 0002 500 6 77710 277
Omvikdalen IL1 0000 6 0247 024
Perlo kajakklubb1 0002 500 2 7616 261
Rosendal Rideklubb1 0002 50017 5007 53028 530
Rosendal Turnlag1 0005 000 142 326148 326
Ternen, IL1 0005 000 35 64441 644
Trio idrettslag1 00015 000 205 330221 330
Uskedal idrettslag1 00010 00017 50079 321107 821
Valen Ride- og Kjøreklubb1 0000 3 0124 012
 Sum18 00055 00050 000778 147901 147

Namn og kontaktinformasjon til ressurskontakt med vara må meldast til idrettsrådet innan 2. oktober for å telja med ved fordeling av LAM dette året.