Medaljar

Kvinnherad Idrettsråd (KIR) disponerar gull-, sølv- og bronsemedaljar med Kvinnherad sitt kommunevåpen på til Kvinnheradsmeistrar i idrett. Idrettslag registrert i Kvinnherad som er medlem i Norges idrettsforbund (NIF) kan tinge medaljar til premiering når dei arrangerer kvinnheradsmeisterskap i ulike idrettsgreiner.

Fyll ut felta i skjemaet nedanfor og send det med e-post til post@kvinnheradidrettsrad.no. Skjemaet kan også skrivast ut, fyllast ut for hand og leverast til eit av styremedlemene i KIR.

Tinging av medaljar bør leverast KIR minst to veker før arrangementet.

Tinga medaljar må hentast av arrangøren, og ev. overskytande medaljar kan leverast attende til KIR. KIR opplyser om adresse for henting/levering saman med ei stadfesting av tinginga når den er motteken av den medaljeansvarlege i KIR. Frå to veker etter arrangementet vil KIR sende rekning for det talet medaljar idrettslaget har brukt. Prisen per medalje er for tida (2016-2017) kr. 30,-.

Medaljane skal ikkje nyttast til premiering av barn under 13 år.

KIR tek atterhald om å godkjenne bruk av medaljane dersom det er tvil om arrangementet er i tråd med NIF sine verdiar eller føremål.

Kvinnherad idrettsråd ønskjer lukke til med kvinnheradsmeisterskapen de skal arrangera!

 

Skjema for medaljetinging (Word)

Skjema for medaljetinging (pdf)