Oppgåver

J16NC_02Idrettsrådet skal styrkje idretten si rolle og rammevilkår i lokalsamfunnet. Til dette ligg dokumentasjon og synleggjering av idretten sitt lokale omfang, og å utvikle lokale idrettspolitiske handlingsprogram.

Ei viktig oppgåve er å vere ein møteplass og utviklingsarena i skjeringspunktet mellom offentleg og frivillig virke. Vidare skal idrettsrådet gjere prioriteringar på vegne av idrettslaga.

Idrettsrådet skal vere eit idrettspolitisk organisasjonsledd med oppgåver primært på lokalt nivå, og alle saker som er av felles interesse for idretten skal sendast til kommunen gjennom idrettsrådet.