Idrettsrådet arbeider for at alle skal få tilgang til idrettsanlegg uavhengig av kvar ein bur. Dette krev god planlegging, samarbeid og kombinert bruk av anlegga. Eit viktig prinsipp er at aktivitetar for barn og ungdom skal ha gratis tilgang til offentlege anlegg.
Idrettsrådet vurderer det slik at det for framtida er mykje større investerings- og vedlikehaldsbehov enn kva det offentlege har vist seg å klara til no. Idrettsrådet arbeider difor for ein auke i både investerings- og driftsmidlar til idrettsanlegg over offentlege budsjett.
Mange idrettslag legg ned stor dugnadsinnsats for å drifte eksisterande anlegg og etablera nye, og dette er nok hovudgrunnen til at fleire idrettsgreiner kan seiast å ha ein brukbar anleggssituasjon, td. fotball og friidrett. Kvinnherad er ein kommune med mange bygder, og idrettsrådet har difor fokus på ei balansert anleggsutbygging med god geografisk fordeling og der store anlegg ein plass kan nyttast av utøvarar frå størst mogleg del av kommunen.
Idrettsrådet arrangerer kurs om spelemidlar for idrettslaga og er rådgjevande organ for kommunen ved prioritering av søknadar. Rådet er også aktive i prosessen når kommunen sin plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert rullert.
For å gje idretten meir tyngde i arbeidet med anleggsutvikling ønskjer idrettsrådet å etablera ein anleggskonferanse for Kvinnherad.
Her kan du søke etter registrerte idrettsanlegg i Kvinnherad: https://www.kvinnherad.kommune.no/idrett-og-friluftsliv.433561.nn.html og søke om spellemidlar https://www.kvinnherad.kommune.no/soekje-om-spelemidlar.452289.nn.html
Her er meir om temaet anlegg: https://www.idrettsforbundet.no/tema/anlegg/