Anleggskonferanse 2017

Velkomen til anleggskonferanse i Kvinnherad!

Kvinnherad idrettsråd inviterer til ei samling med fokus på situasjonen for idrettsanlegg i Kvinnherad:

Onsdag 15. mars kl. 18–21
Kulturhuset Husnes (møterom 1 & 2)

Det er fleire målsettingar for samlinga:

– Hjelpe idrettslag vidare med sine planar om nye anlegg

– Inspirere til utvikling og samarbeid på tvers av greiner og geografi

– Kartleggje behov og ønskje om innhald i ny fleirbrukshall på Husnes. Korleis kan ny hall best tene heile Kvinnherad? Er det idrettsgreiner med spesielle behov?

Program

– Velkomen v/ idrettsrådet

– Helsing v/ ordføraren

– Anleggssituasjonen i Kvinnherad, overordna v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune og korte, førebudde innlegg frå idrettslag og Hordaland idrettskrins

– Finansiering av idrettsanlegg v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune

– Ny fleirbrukshall på Husnes

– Resultat frå brukarundersøking v/ Monika Høyer Haugland

– Presentasjon av forprosjekt v/ Knut Prestnes

– Prosjektering og utbygging v/ Anne Guri Haugerud Kildal, Kvinnherad kommune

– Drøfting av anleggsbehov generelt og innhald i ny fleirbrukshall spesielt (plenum)

Send påmelding med tal deltakarar frå ditt idrettslag til post@kvinnheradidrettsrad.no innan 10. mars.

 

Invitasjon til Anleggskonferanse 2017