LA-midlar

friidrett_i_startblokkene

Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ei grunnstøtte til medlemsbaserte lokale lag og foreiningar. Midla skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og frivilligheit.

Alle lag som har aktivitet for barn/og eller ungdom som sitt primære føremål har krav på lokale aktivitetsmidlar. Det er arbeidet i det einskilde idrettslag for barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år) som skal tilgodesjåast.

Idrettsrådet avgjer fordeling av midlane til sine medlemer og idrettsforbundet sentralt betalar ut pengane. Idrettsrådet legg myndigheitene og Noregs Idrettsforbund sine føringar til grunn ved fordelinga. Dei viktigaste kriteria for tildeling er:

– Både barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år) skal tilgodesjåast
– Tala frå idrettsregistreringa er basisgrunnlag for idrettsrådet sine vurderingar

Det er høve til å gi midlar til særskilte prosjekt, aktivitetar og satsingsområde, men da må idrettsrådet sitt årsmøte gi føringar for dette. Om slik eføringar ikkje er lagt legg styret medlemstala for barn og ungdom til grunn. Det er viktig at idrettslaga har lagt inn rett kontonummer i Sportsadmin sidan det er dette som vert nytta ved utbetaling.

Meir om LAM finn du her: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/drifte-et-idrettslag/okonomi/stotteordninger/lokale-aktivitetsmidler-lam/

Fordeling av LA-midlar finn du på undersidane.