Statuttar

Statuttar for Kvinnherad Idrettsstipend

Versjon 14.06.2016
(PDF-utgåve her: kvinnherad_idrettsstipend_statuttar_2016)

Føremål

Det vert årleg delt ut to idrettsstipend for å premiera oppnådde resultat eller stimulera til satsing for unge idrettsutøvarar, dommarar, idrettsleiarar og idrettslag. Det eine er eit elitestipend for utøvarar som allereie har, eller har potensiale til å få, gode resultat på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Det andre er eit breiddestipend for idrettslag som vil gjennomføra arrangement eller andre tiltak for å auke deltaking og idrettsleg trivnad hjå barn og ungdom.

Felles for begge stipenda

Alle søknader må ha med ein plan for bruk av stipendet og juryen kan i ettertid krevja dokumentasjon på bruken av stipendmidlane. Mottakar av stipend må signera avtale med vilkår for bruk av midlane.

Kvinnherad er ein MOT-kommune og søkjaren må stille seg bak MOT sine grunnverdiar.

Søknadsfrist og tildeling

Søknad om stipend skal rettast til Kvinnherad kommune innan 1. oktober i den form kommunen krev.

Styret i Kvinnherad idrettsråd er jury for stipenda og gjer offentleg stipendvinnarane innan 1. desember. Berre stipendvinnarane får grunngjeving for vedtaket.

Stipendbeløpa vil normalt verte overført til vinnarane i løpet av desember. Alle søkjarar skal verte skriftleg orientert om vedtaket. Vinnarane skal gje skriftleg tilbakemelding på bruken av stipenda innan 1. oktober året etter.

Meir om dei to stipenda under:

Breiddestipend

Stipendet skal støtte opp om tiltak som gir barn og ungdom idrettsglede og trivsel og som gjer det attraktivt å delta i idrett. Stipendet skal også bidra til samarbeid mellom idrettslag om arrangement, treningstilbod og liknande for barn og ungdom.

Breiddestipendet er bygd opp av lokale aktivitetsmidlar gjennom spelemiddelordninga.

Kriterium for tildeling
Stipendmottakaren må vere idrettslag registrert i Kvinnherad og medlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Fleire idrettslag kan gå saman om søknad.

Stipendet skal nyttast til aktivitetar for barn og ungdom i alderen 6 til 19 år.

Om eit idrettslag søkjer aleine må tiltaket det vert søkt om vere ei ekstra satsing, eit prosjekt eller eit arrangement som kjem i tillegg til idrettslaget sine ordinære aktivitetar.

Aktivitetstilbod som inneberer samarbeid mellom to eller fleire idrettslag kan tildelast stipendmidlar.

Dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner frå Kulturdepartementet og tilrådingar frå NIF om lokale aktivitetsmidlar vert lagt til grunn ved vurdering av søknad om stipend.

Tildeling av stipend skal godkjennast av Hordaland idrettskrets.

Kandidatar
Idrettslaget/idrettslaga søker sjølv om stipendet. Søknaden skal vere skriftleg og innehalda lagsnamn, postadresse, kontonummer og namn på kontaktperson med telefonnummer og e-postadresse.

Juryen kan sjølv fremje kandidatar innafor tildelingskriteria.

Stipendsum
Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Stipendet er på inntil kr 50.000,-.

 

Elitestipend <førebels ikkje sett i verk>

Stipendet skal premiera oppnådde resultat og stimulera til vidare satsing.

Elitestipendet er bygd opp av økonomiske bidrag frå innskytarar.

Kriterium for tildeling
Stipendmottakaren må vere folkeregistrert i Kvinnherad kommune.

Utøvarar frå individuelle idrettar, heile lag og einskildutøvarar på lag kan søke. Dommarar, trenarar og idrettsleiarar kan også søka.

Søkjar bør vere medlem av eit lag som er medlem i Kvinnherad idrettsråd, berre utøvarar som ikkje kan utøve sin idrett på sitt nivå i Kvinnherad kan representere andre klubbar.

Søkjaren må vere mellom 15 og 25 år gamal i søknadsåret.

Søkjaren må kunne vise til særs gode sportslege prestasjonar eller resultat. Det må også kunne visast til gode haldningar og moglegheiter for vidareutvikling.

Ein som tidlegare er tildelt elitestipendet kan ikkje få det på ny.

Kandidatar
Utøvarar kan søke sjølv, gjerne med vedlegg frå trenar/leiar. Søknaden skal vere skriftleg og innehalda namn, postadresse, telefonnummer, e-postadresse, alder og kontonummer. Søknaden skal gi eit oversyn over oppnådde resultat.

Trenarar, leiarar eller idrettslag kan fremja kandidatar.

Juryen kan sjølv fremje kandidatar innafor tildelingskriteria.

Stipendsum
Storleiken på stipendet vert avgjort av tal på innskytarar. Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Stipendet er på inntil kr 50.000,-.