Tildelingar

Tildeling 2018

Barmarkstrening med skigruppa i UIL. Foto: UIL.

I 2018 kom innan fristen 12. oktober to søknadar til breiddestipend. Begge søknadane stettar kriteria for tildeling og styret i Kvinnherad Idrettsråd vil dela breiddestipendet på dei to søkjarane:

– Halsnøy Il, fotballgruppa: kr 25.000,- for «Utstyr klubbhus»,

– Kvinnherad Handballklubb: kr 25.000,- for «Handballskule / ferieklubb 2019».

Styret ønskjer lukke til med gjennomføringa av tiltaka.

Tildeling 2017

Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 24. oktober 2017.

Det var kome ein søknad om tildeling av breiddestipend frå Kvinnherad Handballklubb til ferieklubb og handballskule for barn i 2017 og 2018. Søknaden stettar kriteria for tildeling. Søknaden vart samrøystes vedteken i styret i Kvinnherad Idrettsråd og er no formelt godkjent av Hordaland Idrettskrets. Kvinnherad Idrettsråd har gleda av å meddele at Kvinnherad Handballklubb får tildelt breddestipend for 2017 med kr 50 000,-.

Styret i Kvinnherad idrettsråd ønskjer KHK lukke til med gjennomføringa.

Tildeling 2016

Styret i Kvinnherad idrettsråd er jury for idrettsstipendet i Kvinnherad. I møte 19. oktober 2016 vart det gjort slikt vedtak:

Det har kome tre søknadar om tildeling av breiddestipend for 2016. Alle søknadane stettar kriteria for tildeling. Felles for tiltaka er at dei utgjer ei ekstra satsing for gjere det attraktivt å vera med på idrett og senka terskelen for deltaking. Kvinnherad idrettsråd vil i 2016 dela breiddestipendet på dei tre søkjarane på denne måten:

– Kvinnherad handballklubb: Kr. 15.000,- til ferieklubb og handballskule for barn i 2016 og 2017.

– Rosendal rideklubb: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for utlån under arrangement og leige av instruktør.

– Uskedal idrettslag: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for skitrening.

Styret i Kvinnherad idrettsråd gir søkjarane honnør for arbeidet som vert lagt ned i deira breiddesatsing og ønskjer lukke til med gjennomføringa!