Samarbeidsorgan for lokalidretten

Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.

Kontaktorgan for kommunen

Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen

Organisasjonsledd i NIF

Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen

Siste nytt

Søk momskompensasjon

12. juni 2018

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018. Det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer.

Konferanse for frivillige lag

2. juni 2018

Kvinnherad kommune har sett i gong eit arbeid med å laga ein frivilligplan og i samband med dette organiserer kommunen kveldskonferanse for frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad. 

Informasjonsmøte om utleige av bygg

23. mai 2018

Kvinnherad kommune invitera til informasjonsmøte om «nye» retningsliner for fast utleige av bygg. Det er viktig at alle som har eit ansvar for ei gruppe blir med på møtet.