Spelemidlar til idrettsanlegg

Trio_stadion_mot_fjellKulturdepartementet fordeler kvart år tilskot av spelemidlane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, slik at flest mogleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.

Det er kommunen som forvaltar ordninga lokalt og idrettsrådet er rådgivande organ for tildelingane. Anlegg det kan søkjast om tilskot til er delt inn i søknadsgruppene ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. I tillegg har departementet ein tilskotsordning til anlegg for friluftsliv i fjellet. Søknadane skal gå gjennom Kvinnherad kommune og søknadsfrist for nye anlegg er normalt 15. september.

Skal ein få spelemidlar til idrettsanlegg må det/dei vera del av kommunens sin handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Handlingsplanen vert rullert kvart år, og idrettsrådet gir kommunen råd om innbyrdes prioritering av anlegg.

Det vanlege er at spelemidlar utgjer ein vesentleg del av finansieringa til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Det er difor viktig av idrettslaga set seg inn i ordninga og dei moglegheiter den gir. Meir om ordninga finn du på nettsiden til Kvinnherad kommune og på www.anleggregisteret.no