Kvinnherad idrettsråd har fått tildelt kr. 130.000,- ekstra i LA-midlar dette året. Kr. 50.000 vert lagt til breddestipendet, som då utgjer i 2021 tilsaman 100.000 kr.
Dette året har det komme inn 5 søknadar til breddestipendet. Søknadane kom frå IL Trio – friidrett, Kvinnherad Golfklubb, IL Halsnøy (to søknader: J14-fotball og klubben) og Kvinnherad Handballklubb.
Styret har behandla søknadane og fulgt dei statuttar som føreligg på styremøtet den 27.10.2021.
Einstemmig vart fordeling slik:
Søkar | Tiltak | Beløp |
Kvinnherad golfklubb | «Golf for born og unge» | 20.000 |
IL Halsnøy – J14-fotball | «Alle med mot Norway Cup» | 25.000 |
IL Halsnøy – klubben | «Vekentleg openkveld på klubbhus» | 20.000 |
Kvinnherad Handballklubb | «Handballskule / ferieklubb 2022» | 35.000 |
Styret ønskjer lukke til med gjennomføringa av tiltaka.
I 2020 blei det ikkje utdelt idrettsstipend.
I 2019 kom innan fristen 14. oktober to søknadar til breiddestipend. Diverre berre ein søknad fra Kvinnherad Handballklubb stettar kriteria for tildeling av breiddestipend. Søknaden vart samrøystes vedteken i styret i Kvinnherad Idrettsråd og er no formelt godkjent av Hordaland Idrettskrets. Kvinnherad Idrettsråd har gleda av å meddele at Kvinnherad Handballklubb får tildelt breddestipend for 2019 med kr 50 000,-.
Styret ønskjer lukke til med gjennomføringa av tiltaka.
I 2018 kom innan fristen 12. oktober to søknadar til breiddestipend. Begge søknadane stettar kriteria for tildeling og styret i Kvinnherad Idrettsråd vil dela breiddestipendet på dei to søkjarane:
– Halsnøy Il, fotballgruppa: kr 25.000,- for «Utstyr klubbhus»,
– Kvinnherad Handballklubb: kr 25.000,- for «Handballskule / ferieklubb 2019».
Styret ønskjer lukke til med gjennomføringa av tiltaka.
Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 24. oktober 2017.
Det var kome ein søknad om tildeling av breiddestipend frå Kvinnherad Handballklubb til ferieklubb og handballskule for barn i 2017 og 2018. Søknaden stettar kriteria for tildeling. Søknaden vart samrøystes vedteken i styret i Kvinnherad Idrettsråd og er no formelt godkjent av Hordaland Idrettskrets. Kvinnherad Idrettsråd har gleda av å meddele at Kvinnherad Handballklubb får tildelt breddestipend for 2017 med kr 50 000,-.
Styret i Kvinnherad idrettsråd ønskjer KHK lukke til med gjennomføringa.
Styret i Kvinnherad idrettsråd er jury for idrettsstipendet i Kvinnherad. I møte 19. oktober 2016 vart det gjort slikt vedtak:
Det har kome tre søknadar om tildeling av breiddestipend for 2016. Alle søknadane stettar kriteria for tildeling. Felles for tiltaka er at dei utgjer ei ekstra satsing for gjere det attraktivt å vera med på idrett og senka terskelen for deltaking. Kvinnherad idrettsråd vil i 2016 dela breiddestipendet på dei tre søkjarane på denne måten:
– Kvinnherad handballklubb: Kr. 15.000,- til ferieklubb og handballskule for barn i 2016 og 2017.
– Rosendal rideklubb: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for utlån under arrangement og leige av instruktør.
– Uskedal idrettslag: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for skitrening.
Styret i Kvinnherad idrettsråd gir søkjarane honnør for arbeidet som vert lagt ned i deira breiddesatsing og ønskjer lukke til med gjennomføringa!