Samarbeidsorgan for lokalidretten

Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.

Kontaktorgan for kommunen

Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen

Organisasjonsledd i NIF

Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen

Siste nytt

Innkalling til årsmøte

7. juni 2021

Idrettsrådet held årsmøte mandag 21. juni 2021, kl. 18.00 i Rådhuset (kommunestyresalen) i Rosendal. Alle idrettslaga i Kvinnherad som er medlem i Norges idrettsforbund er hjarteleg velkomne!

Frist for årsmøter er 15. juni

21. april 2021

Idrettslag må i utgangspunktet halde eit fysisk årsmøte innan utgangen av mars. Som følgje av pandemien har NIF bestemt at fristen utsetjast til 15. juni 2021.

Innkalling til årsmøte

26. september 2020

Idrettsrådet held årsmøte tysdag 27. oktober 2020, kl. 18.00 i Rådhuset (kommunestyresalen) i Rosendal. Alle idrettslaga i Kvinnherad som er medlem i Norges idrettsforbund er hjarteleg velkomne! Her finn du sakslista og andre årsmøtedokument: Invitasjon til årsmøteSaksliste til årsmøteÅrsmelding 2019Arbeidsprogram 2019-2021Foslag til fordeling LAM 2020 På grunn av Covid-19 ber vi om påmelding innan 25. oktober. Send…