Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Årsmøteinvitasjon 2018
Idrettsrådet held årsmøte måndag 14. mai 2018 kl. 18.00 i rådhuset, Rosendal (kommunestyresalen). Alle idrettslag i Kvinnherad som er medlem i NIF er hjarteleg velkomne.
LA-midlar for 2017 er fordelt
Kvinnherad idrettsråd har i år fordelt kr 936 811,- i lokale aktivitetsmidlar (LAM) til idrettslaga i Kvinnherad. Midlane vert overført frå Hordaland idrettskrets i desember.
Breiddestipend 2017 er tildelt
Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 24. oktober 2017.
