Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Sakliste og dokument til årsmøtet 2017
Sakliste med dokument for årsmelding, rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og framlegg til ulike saker finn du her:
Årsmøteinvitasjon 2017
Idrettsrådet held årsmøte onsdag 31. mai 2017 kl. 18.00 i rådhuset, Rosendal (kommunestyresalen). Alle idrettslag i Kvinnherad som er medlem i Norges idrettsforbund er hjarteleg velkomne!
Presentasjonar frå anleggskonferansen 15.03.2017
Kvinnherad idrettsråd takkar alle som deltok og gjorde konferansen til ei engasjerande samling! Her kan du lasta ned dei presentasjonane som vart haldne på samlinga.
