Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Velkomen til anleggskonferanse!
Kvinnherad idrettsråd inviterer til ei samling med fokus på situasjonen for idrettsanlegg i Kvinnherad, onsdag 15. mars 2017, kl. 18 – 21 på Kulturhuset Husnes.
Breiddestipend 2016 er tildelt
Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 19. oktober 2016.
Det var kome tre søknadar om tildeling av breiddestipend. Alle søknadane stettar kriteria for tildeling.
Nytt stipend frå idrettsrådet
Alle idrettslag i Kvinnherad med aktivitetar for barn og ungdom kan hausten 2016 søkja om breiddestipend til tiltak eller prosjekt for aldersgruppa 6 – 19 år.
