Aktivitetskalender – kurs

Korleis gjer dine arrangment synlig saman med resten av kommunen?

Kvinnherad kommune har inngått eit samarbeid med den sosiale entreprenøren Friskus, om bruk av aktivitetskalenderen Friskus.com, der du som arrangør enkelt og gratis kan gjer dine aktiviteter synlige for alle kommunens innbyggarar.

Her kan du samle alle dine arrangement og aktiviteter på ein plass, rekruttere deltakarar og få oversikt over påmeldte. Med Friskus vil du oppleve at det er lett å skapa engasjement rundt dine aktiviteter, og at du når eit bredt spekter av interesserte.

Me ønskjer difor å invitere frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad kommune til opplæring i bruk av Friskus.com. Kommunen nyttar dette verktøyet, og kan derfor tilby dette gratis for frivillige lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vår målsetting er at våre innbyggarar enklare skal kunne få ein oversikt over meiningsfylte aktiviteter der dei bur. Me inviterer til kurs både for kommunalt tilsette og frivillige 25.09, her vil du få god opplæring i kva Friskus.com er, og korleis ein bruker det. Me inviterer derfor til eit hyggelig informasjonsmøte, og demo + opplæring

Møte: 25.09.19, kl. 17-19
Lokale: Festsalen Husnes
Pris: Gratis

Påmelding: Bindande påmelding på e-post innan 23.09.19 (på grunn av kostnader knytt til opplæringa). Viktige hjelpemiddel på kurset: PC eller nettbrett. Ta med informasjon og bilete om aktivitetane, slik at de kan legge de ut i kalenderen med ein gong!

Me serverer pizza og brus.

Bindande påmelding på e-post til:
veronica.thorsen@kvinnherad.kommune.no