Velkomen til anleggskonferanse!

Kvinnherad idrettsråd inviterer til ei samling med fokus på situasjonen for idrettsanlegg i Kvinnherad.

Onsdag 15. mars 2017, kl. 18 – 21

Kulturhuset Husnes (møterom 1 & 2)

Det er fleire målsettingar for samlinga:

  • Hjelpe idrettslag vidare med sine planar om nye anlegg
  • Inspirere til utvikling og samarbeid på tvers av greiner og geografi
  • Kartleggje behov og ønskje om innhald i ny fleirbrukshall på Husnes. Korleis kan ny hall best tene heile Kvinnherad? Er det idrettsgreiner med spesielle behov?

Program

  • Velkomen v/ idrettsrådet
  • Helsing v/ ordføraren
  • Anleggssituasjonen i Kvinnherad, overordna v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune og korte, førebudde innlegg frå idrettslag og Hordaland idrettskrins
  • Finansiering av idrettsanlegg v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune
  • Ny fleirbrukshall på Husnes
    • Resultat frå brukarundersøking v/ Monika Høyer Haugland
    • Presentasjon av forprosjekt v/ Knut Prestnes
    • Prosjektering og utbygging v/ Anne Guri Haugerud Kildal, Kvinnherad kommune
  • Drøfting av anleggsbehov generelt og innhald i ny fleirbrukshall spesielt (plenum)

Send påmelding med tal deltakarar frå ditt idrettslag til post@kvinnheradidrettsrad.no innan 10. mars.