Kvinnherad idrettsråd har i år fordelt kr 936 811,- i lokale aktivitetsmidlar (LAM) til idrettslaga i Kvinnherad. Midlane vert overført frå Hordaland idrettskrets i desember.
LA-midlane er en grunnstøtte til medlemsbaserte lokale lag og foreiningar. Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og friviljug arbeid. Det er arbeidet i det enkelte idrettslag for born (6-12 år) og ungdom (13-19 år) som skal tilgodesjåast.
Ved årets utdeling av spelemidlar til idrettsformål, vedtatt i statsråd 28. april 2017, er det avsett 337 mill. kroner til lokale lag. Det er idrettsrådane som fordeler LAM til idrettslaga i sin kommune etter retningslinjer frå KUD og anbefalingar frå NIF. Tildelingskriteria lokalt fastsetjast på idrettsrådets årsmøte.