Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 19. oktober 2016.
Det var kome tre søknadar om tildeling av breiddestipend. Alle søknadane stettar kriteria for tildeling. Felles for tiltaka er at dei utgjer ei ekstra satsing for gjere det attraktivt å vera med på idrett og senka terskelen for deltaking. Kvinnherad idrettsråd vil i 2016 dela breiddestipendet på dei tre søkjarane på denne måten:
Kvinnherad handballklubb: Kr. 15.000,- til ferieklubb og handballskule for barn i 2016 og 2017.
Rosendal rideklubb: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for utlån under arrangement og leige av instruktør.
Uskedal idrettslag: Kr. 17.500,- til kjøp av utstyr for skitrening.
Styret i Kvinnherad idrettsråd gir søkjarane honnør for arbeidet som vert lagt ned i deira breiddesatsing og ønskjer lukke til med gjennomføringa!