Kvinnherad idrettsråd gjorde tildeling av breiddestipend for Kvinnherad i styremøte 24. oktober 2017.
Det var kome ein søknad om tildeling av breiddestipend frå Kvinnherad Handballklubb til ferieklubb og handballskule for barn i 2017 og 2018. Søknaden stettar kriteria for tildeling. Søknaden vart samrøystes vedteken i styret i Kvinnherad Idrettsråd og er no formelt godkjent av Hordaland Idrettskrets. Kvinnherad Idrettsråd har gleda av å meddele at Kvinnherad Handballklubb får tildelt breddestipend for 2017 med kr 50 000,-.
Styret i Kvinnherad idrettsråd ønskjer KHK lukke til med gjennomføringa!