Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice inviterer alle idrettslag til å presentere seg med stand på Tilflyttarsamling 2018.
Dato: onsdag 7. november
Tidspunkt: kl. 17:00-19:00
Stad: Kulturhuset Husnes
Idrettslag får eit unikt høve til å profilere seg og kanskje verva nye medlemar. Det er 340 personar som har meld flytting til kommunen siste halvdel av 2017 og første halvdel av 2018. Tilflyttarane får høve til å ta kontakt i forkant av programmet og i matpausen.
Påmelding innan 4.11.2018 til:
kristine@naeringsservice.no
Tlf: 95494733