Statuttar

Statuttar for Kvinnherad breiddestipend

Versjon 09.10.2024

Føremål

Det vert årleg delt ut en idrettsstipend for å stimulera til satsing for unge idrettsutøvarar, dommarar, idrettsleiarar og idrettslag, med fokus på aktivitet og arrangement. Idrettsstipendet skal delast ut blant idrettslaga som vil gjennomføra arrangement eller andre tiltak for å auke deltaking og idrettsleg trivnad hjå barn og ungdom.

Stipendet skal støtte opp om tiltak som gir barn og ungdom idrettsglede og trivsel og som gjer det attraktivt å delta i idrett. Stipendet skal også bidra til samarbeid mellom idrettslag om arrangement, treningstilbod og liknande for barn og ungdom.

Breiddestipendet er bygd opp av lokale aktivitetsmidlar gjennom spelemiddelordninga.

Krav for dokumentasjon

Alle søknader må ha med ein plan for bruk av stipendet og juryen kan i ettertid krevja dokumentasjon på bruken av stipendmidlane. Mottakar av stipend må signera avtale med vilkår for bruk av midlane.

Søknadsfrist og tildeling

Søknad om stipend skal rettast til Kvinnherad idrettsråd innan fristen oppgitt på hjemmesiden i den form idrettsrådet krev.

Styret i Kvinnherad idrettsråd er jury for stipenda og gjer offentleg stipendvinnarane innan 1. desember. Stipendvinnarane får grunngjeving for vedtaket.

Stipendbeløp vil normalt vert overført til vinnarane i løpet av desember. Alle søkjarar skal verte skriftleg orientert om vedtaket. Vinnarane skal gje skriftleg tilbakemelding på bruken av stipenda innan 1. oktober året etter.

Kriterium for tildeling

Stipendmottakaren må vere idrettslag registrert i Kvinnherad og medlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Fleire idrettslag kan gå saman om søknad.

Stipendet skal nyttast til aktivitetar for barn og ungdom i alderen 6 til 19 år.

Om eit idrettslag søkjer aleine må tiltaket det vert søkt om vere ein
ekstra aktivitet eller eit arrangement som kjem i tillegg til idrettslaget sin ordinær drift.

Aktivitetstilbod som inneberer samarbeid mellom to eller fleire idrettslag kan tildelast stipendmidlar.

Dei til ei kvar tid gjeldande retningsliner frå Kulturdepartementet og tilrådingar frå NIF om lokale aktivitetsmidlar vert lagt til grunn ved vurdering av søknad om stipend.

Tildeling av stipend skal godkjennast av Hordaland idrettskrets.

Kandidatar

Idrettslaget / idrettslaga søker sjølv om stipendet. Søknaden skal vere skriftleg og innehalda lagsnamn, postadresse, kontonummer og namn på kontaktperson med telefonnummer og e-postadresse.

Juryen kan sjølv fremje kandidatar innafor tildelingskriteria.

Stipendsum

Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Stipendet er på inntil kr 50.000,-.