Kvinnherad idrettsråd inviterer til ei samling med fokus på situasjonen for idrettsanlegg i Kvinnherad.
Onsdag 15. mars 2017, kl. 18 – 21
Kulturhuset Husnes (møterom 1 & 2)
Det er fleire målsettingar for samlinga:
- Hjelpe idrettslag vidare med sine planar om nye anlegg
- Inspirere til utvikling og samarbeid på tvers av greiner og geografi
- Kartleggje behov og ønskje om innhald i ny fleirbrukshall på Husnes. Korleis kan ny hall best tene heile Kvinnherad? Er det idrettsgreiner med spesielle behov?
Program
- Velkomen v/ idrettsrådet
- Helsing v/ ordføraren
- Anleggssituasjonen i Kvinnherad, overordna v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune og korte, førebudde innlegg frå idrettslag og Hordaland idrettskrins
- Finansiering av idrettsanlegg v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune
- Ny fleirbrukshall på Husnes
- Resultat frå brukarundersøking v/ Monika Høyer Haugland
- Presentasjon av forprosjekt v/ Knut Prestnes
- Prosjektering og utbygging v/ Anne Guri Haugerud Kildal, Kvinnherad kommune
- Drøfting av anleggsbehov generelt og innhald i ny fleirbrukshall spesielt (plenum)
Send påmelding med tal deltakarar frå ditt idrettslag til post@kvinnheradidrettsrad.no innan 10. mars.