Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Informasjonsmøte om fleirbrukshall på Husnes
I samband med ny fleirbrukshall på Husnes er du og idrettslaget du representerer invitert til eit informasjonsmøte om prosjektet, mandag 16. oktober kl .17:00 på Kulturhuset Husnes.
Lokale aktivitetsmidlar (LAM), ressurskontakt og breiddestipend
Kvinnherad idrettsråd skal i år fordela kr 936 811,- i aktivitetsmidlar (LAM) til idrettslaga i
Kvinnherad. Midlane vert overført mot slutten av året.
Sakliste og dokument til årsmøtet 2017
Sakliste med dokument for årsmelding, rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og framlegg til ulike saker finn du her:
