Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Oppdater info. om ditt idrettslag
Det er viktig å halda kontaktinformasjonen til idrettslaget oppdatert. Om laget har fått ny e-postadresse, telefonnummer eller nye tillitsvalgte skal desse endringane registrerast i SportsAdmin.
Idrettsstipend i støypeskeia
Idrettsrådet samarbeider med kommunen om etablering av eit idrettsstipend for Kvinnherad. Stipendet er førebels på skissestadiet og innspel vert motteke med takk!
Gjennomført søkekurs
I samarbeid med Kvinnherad kommune heldt idrettsrådet den 7. september 2015 kurs for idrettslag som vil søka om spelemidlar til idrettsanlegg.
