Idrettsstipend i støypeskeia

Bjarte Solheim, IL Trio
Styremedlem Bjarte Solheim jobbar med stipendutvikling på vegner av idrettsrådet.

Idrettsrådet samarbeider med kommunen om etablering av eit idrettsstipend for Kvinnherad. Stipendet er førebels på skissestadiet og innspel vert motteke med takk!

Verksemda Kultur og fritid i Kvinnherad kommune vil vere sekretariat for stipendet og idrettsrådet vil vere jury for tildeling. Det er ønskjeleg at private verksemder stiller som sponsorar og gir stipendet ein god økonomi.

I 2015/2016 vert det arbeidd med statuttar og føremål for stipendet. Har du innspel til dette kan det sendast til post@kvinnheradidrettsrad.no. Det kan til dømes gå på føremål (elite, breidde, anlegg, frivillig innsats, osb.), finansiering, storleik og aktuelle sponsorar.