Oppdater info. om ditt idrettslag

Det er viktig å halda kontaktinformasjonen til idrettslaget oppdatert. Om laget har fått ny e-postadresse, telefonnummer eller nye tillitsvalgte skal desse endringane registrerast i SportsAdmin. SportsAdmin er eit nasjonalt idrettsadministrativt system utarbeida av og for norsk idrett. Systemet vert nytta til kontaktinformasjon, kommunikasjon, organisasjonsoversikt, arrangementplanlegging, deltakarhandtering osb. Om ein treng hjelp eller rettleiing i SportsAdmin er denne sida ein god stad å starta:  https://www.idrettsforbundet.no/sportsadmin/hjelp/