Lokale aktivitetsmidlar (LAM), ressurskontakt og breiddestipend

Kvinnherad idrettsråd skal i år fordela kr 936 811,- i aktivitetsmidlar (LAM) til idrettslaga i
Kvinnherad. Midlane vert overført mot slutten av året.

Kriterium for tildeling

Årsmøtet har vedteke å fortsetja i 2017 med kriteria for fordeling som i fjor:
Alle idrettslag med barne- og/eller ungdomsaktivitetar får eit grunnbeløp på kr. 1.000,-.
Alle idrettslag med ein namngitt ressurskontakt m/vara får eit grunnbeløp etter følgjande
skala:
0-250 medl. : 2.500,-
250-500 medl. : 5.000,-
500-750 medl. : 10.000,-
750- medl.: 15.000,-
Kr. 50.000,- skal delast ut til barne- og ungdomstiltak gjennom breiddestipendet.
Dei resterande midlane vert fordelt med vekttal 2 for ungdom (13-19 år) og vekttal 1 for barn
(6-12 år).
Grunnlag for utrekninga er aktivitetstal frå idrettsregistreringa slik dei ligg føre i KlubbAdmin.
Retningslinene frå KUD og NIF vert lagt til grunn.

Ressurskontakt

Ressurskontakten er ein person som skal vere idrettslaget sin kontaktperson og koordinator for barn
og ungdom med lita betalingsevne, med flyktningbakgrunn, minoritetsbakgrunn eller andre
særskilde utfordringar. Ressurskontakten vil vere kontaktledd mellom idrettslaget og andre aktørar
som arbeider med integrering og barnefattigdom. Kommunen opprettar eit felles forum for alle
ressurskontaktane der dei pliktar å delta. Melding med kontaktinformasjon (namn, e-postadresse og
mobilnummer) til ressurskontakt og vara skal sendast idrettsrådet (til
post@kvinnheradidrettsrad.no) innan 2. oktober for å telje med ved fordeling av LAM det aktuelle
året.

Barnefattigdom er eit prioritert område nasjonalt, og i Kvinnherad vil kommunen i nokre år frametter
gjennomføra prosjekt for å gje barn og ungdom frå låginntektsfamiliar betre moglegheiter til å delta i
organiserte fritidsaktivitetar. Idrettsrådet følgjer dette arbeidet, og fleire idrettslag har allereie vist si
interesse. Gjennom nettverket for ressurskontaktar vil det venteleg by seg moglegheiter for
finansiering av tiltak.

Meir informasjon om ressurskontakt.

Breiddestipend

Idrettsrådet har oppretta eit breiddestipend for idrettslag som vil gjennomføra arrangement eller
andre aktivitetar for å auke deltaking og idrettsleg trivnad hjå barn og ungdom. Stipendet skal støtte
opp om tiltak som gir barn og ungdom idrettsglede og som gjer det attraktivt å delta i idrett.
Stipendet skal også bidra til samarbeid mellom idrettslag om arrangement, treningstilbod og liknande
for barn og ungdom.

Stipendet er på inntil kr 50.000,- og kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter
konkret vurdering. Frist for søknad i 2017 vert 2. oktober.

Meir informasjon og søknadsskjema for idrettsstipend under Idrettstipend.