I samarbeid med Kvinnherad kommune heldt idrettsrådet den 7. september 2015 kurs for idrettslag som vil søka om spelemidlar til idrettsanlegg.
Ni personar frå fire organisasjonar var med på kurset og fekk ein god gjennomgang av reglar og ordningar for finansiering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.
Kulturdepartementet fordeler kvart år tilskot av spelemidlane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vera del av kommunen sin handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og denne vert rullert kvart år.
Programmet for kvelden var slik:
- Velkomen og kort orientering frå Kvinnherad idrettsråd v/Anbjørn Høivik, idrettsrådet
- Rullering av handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune
- Korleis søka? Søknadsskriving frå A – Å v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune
Materiellet frå kurset kan lastast ned i pdf-format her:
- Intro KIR spelemiddelkurs 2015
- Spelemiddelorientering 2016 Linda Øen
- Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune 2015
- Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2022
- Rullert handlingsprogram 2015-2019
Nyttig informasjon om spelemiddelsøknadar: http://www.idrettsanlegg.no/