Styret i Kvinnherad Idrettsråd vil be årsmøtet 2016 om å vedta lover for idrettsrådet og har sendt eit utkast på høyring til medlemene, kommunen og idrettskrinsen. Frist for uttale er 1. november 2015.
Rådet har så langt styret veit ikkje eigne lover i dag. Styret har laga eit framlegg med utgangspunkt i idrettsforbundet sine standardlover for idrettsråd, berre supplert med spesifikke opplysningar for Kvinnherad Idrettsråd.
Her kan du opna lovframlegget: Framlegg Vedtekter for Kvinnherad idrettsråd
Raud tekst viser tillegg og spesifisering spesielt for Kvinnherad Idrettsråd. Bortsett frå det følgjer framlegget NIF si norm. Hordaland Idrettskrins har stadfesta at lovframlegget vert godkjent av dei. Dersom din organisasjon har merknader eller innspel til framlegget må dei sendast til idrettsrådet innan 1. november 2015 på e-post post@kvinnheradidrettsrad.no.