Samarbeidsorgan for lokalidretten
Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskretsen.
Kontaktorgan for kommunen
Idrettsrådet har samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune og er rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen
Organisasjonsledd i NIF
Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i Kvinnherad som er organisert i Norges idrettsforbund gjennom idrettskretsen
Siste nytt
Deltaking trass låg inntekt?
Kvinnherad kommune og NAV inviterte nokre representantar frå det frivillige lagslivet til ei uformell drøfting den 12. januar 2016.
Nær éin million kroner til barne- og ungdomsaktivitetar
I 2015 er det 19 idrettslag i Kvinnherad som etter reglane får lokale aktivitetsmidlar. Beløpet til fordeling har aldri vore større enn no og pengane kjem på konto i desember.
Oppdater info. om ditt idrettslag
Det er viktig å halda kontaktinformasjonen til idrettslaget oppdatert. Om laget har fått ny e-postadresse, telefonnummer eller nye tillitsvalgte skal desse endringane registrerast i SportsAdmin.
