Deltaking trass låg inntekt?

Kvinnherad kommune og NAV inviterte nokre representantar frå det frivillige lagslivet til ei uformell drøfting den 12. januar 2016. Målet var å starta ein dialog for å sikra barn frå låginntektsfamiliar deltaking i aktivitetar på fritida. Det vart fort semje om at her er det gode moglegheiter for samarbeid mellom det offentlege og det frivillige, og kommunen vil freista å skaffa midlar slik at nye tiltak kan prøvast ut.

No er det årsmøtetid frametter, og idrettsrådet vil oppmode alle idrettslaga i Kvinnherad til å setje av nokre minutt på sine årsmøte for å få fram forslag til kva som kan gjerast eller prøvast. Barnefattigdom er eit prioritert område nasjonalt, og det vil venteleg verte mogleg å finansiera tiltak dersom det er vilje til å gjennomføra dei i frivillige lag. Idrettsrådet vil følgje dette arbeidet vidare, og allereie no har IL Trio, Kvinnherad Handballklubb, Rosendal Turnlag, Uskedalen IL og Kvinnherad Turlag vist interesse for satsinga.

Biletet viser deltakarane på samarbeidsmøtet: Arnfrid Grasdal (Kvinnherad Handballklubb), Lene Gjuvsland Skjelnes (NAV), Mari Teigen Varanes (Kvinnherad Turlag), Bjørn Olav Tveit (Uskedalen IL), Jostein Hatteberg (Rosendal TL),  Knut Prestnes (IL Trio), Monika H. Haugland (Kvinnherad kommune) og Anbjørn Høivik (Kvinnherad idrettsråd).