Nær éin million kroner til barne- og ungdomsaktivitetar

Idrettslag med aktivitetar for barn og ungdom får kvart år tildelt lokale aktivitetsmidlar. 13 % av spelemidla i Noreg går til dette føremålet, og for Kvinnherad sin del utgjer den samla summen kr. 855.371,-. I 2015 er det 19 idrettslag i Kvinnherad som etter reglane kan få slike midlar og beløpet til fordeling har aldri vore større enn no.

Styret i Kvinnherad idrettsråd har nytta desse kriteria til fordeling:

«Grunnlag for utrekninga er aktivitetstal frå idrettsregistreringa slik dei ligg føre i SportsAdmin i november 2015. Retningslinene frå KUD og NIF vert lagt til grunn. Alle idrettslag med barne- og/eller ungdomsaktivitetar får eit grunnbeløp på kr. 1.000,-. Dei resterande midlane vert fordelt med vekttal 2 for ungdom (13-19 år) og vekttal 1 for barn (6-12 år).»

I styremøte 17. november 2015 vart det såleis denne fordelinga vedteke:

Idrettslag: Beløp:
Folgefonn RC-klubb 1.272
Halsnøy IL 99.012
Halsnøy OL 2.089
Herøysund IL 27.681
Husnes Karate Klubb 8.623
Kvinnherad Badmintonklubb 2.089
Kvinnherad Golfklubb 16.246
Kvinnherad Håndballklubb 60.896
Kvinnherad Roklubb 3.178
Kvinnherad Undervannsklubb 3.723
Matre IL 20.603
Omvikdalen IL 2.089
Perlo kajakkubb 5.628
Rosendal Rideklubb 16.791
Rosendal TL 127.055
IL Strand-Ulv 64.164
IL Ternen 17.063
IL Trio 314.639
Uskedal IL 62.530

Fordelinga er sendt til Hordaland idrettskrins for godkjenning og pengane vert utbetalt til idrettslaga i desember.