Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad gir gåve til idrettsrådet slik at tradisjonen med eigne medaljar til Kvinnheradmeistrar i idrett kan halda fram. Tidlegare har Kvinnherad Sparebank organisert dette, men no som banken har gått inn i SR-bank tek idrettsrådet over oppgåva med å administrere ordninga. Kvinnheradstiftinga gir oss ein flygande start med ei gåve på heile 40.000,- kroner til føremålet!
Idrettsrådet er invitert til gåveutedling 20. april 2016. Etter dette vert eit opplag medaljar i tre valørar tinga hjå leverandøren og styret vil laga til ei ordning slik at klubbar og lag kan få tak i flotte medaljar til dei ulike kvinnheradsmeisterskapa som vert avvikla.