Konferanse for frivillige lag

Kvinnherad kommune organiserer kveldskonferanse for frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad.

Dato: måndag 11.06, kl. 18.00-21.00

Stad: Kulturhuset Husnes, festsalen

Meir om konferansen i invitasjonsbrevet frå ordfører Peder Sjo Slettebø nedanfor.

 

Invitasjon til kveldskonferanse for frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad

Kvinnherad kommune har sett i gong eit arbeid med å laga ein frivilligplan. I denne planen er me prisgitt innspel frå lag og organisasjonar undervegs. Me inviterer difor alle frivillige lag og organisasjonar i kommunen til ein inspirerande kveldskonferanse i festsalen på kulturhuset måndag 11.06, kl. 18.00-21.00.

Tema for konferansen er:

Samspel og samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar og kommunen

Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggande for eit levande lokalsamfunn. Interessa og behovet for samarbeid mellom frivillige og kommunen har auka dei siste åra. Ein god relasjon og dialog mellom kommunen og lokale lag og organisasjonar har stor betyding for korleis vi saman kan skape eit godt lokalsamfunn. Kommunen ønsker å utvikle ein frivilligheitspolitikk og treng gode innspel frå frivilligheita. Kommunen har inngått ein avtale med frivilligheit Norge som vil vera ansvarlig for det faglege innhaldet på kveldskonferansen.

Program

  • Velkommen ved v/ ordførar Peder Sjo Slettebø
  • Presentasjon amatørkulturråd
  • Presentasjon av deltakarane og dialog om kveldens tema v/ Frivillighet Norge
  • Om frivillige organisasjonars betyding som nærmiljøbygger
  • Fakta om frivilligheit
  • Frivilligheitspolitikk, samspel og samarbeid med kommunen
  • Korleis skape større rom for frivilligheit i kommunen?
  • Kafedialog der organisasjonane kan komme med innspel som beskriver eigne utfordringar, ressursar og kommunens rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita.
  • Oppsummering
  • Vegen vidare – kva skjer no?

Det vil bli servering og me ynskjer difor tilbakemelding på kven som kjem til frivilligsentralen på tlf. 90076543 eller e-post veronica.thorsen@kvinnherad.kommune.no

Velkomen!

Best helsing
Peder Sjo Slettebø, Ordførar