Sakliste og dokument til årsmøtet 2016

Kvinnherad idrettsråd held årsmøte tysdag 24. mai 2016 kl. 18 i rådhuset, Rosendal. Representantar frå dei 24 idrettslaga og dei tre bedriftsidrettslaga i Kvinnherad er hjarteleg velkomne!

Her finn du:

Sakliste med framlegg til vedtak, årsmelding 2015 og andre vedlegg
Rekneskap 2015
Framlegg til lov for Kvinnherad idrettsråd

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vert det i år fremja forslag om idrettsstipend og nye lovar for idrettsrådet. Nytt i år er også framlegg til arbeidsprogram dei neste to åra.