Samla idretten til føredrag om overgrep

– Vi må ikkje vera naive, det skjer i Kvinnherad også

Det seier leiar Richard Erlandsen i Kvinnherad idrettsråd etter onsdagens føredrag om overgrep.

Saman med Kvinnherad handballklubb inviterte idrettsrådet til eit to timar langt føredrag i Festsalen onsdag kveld. Dit var trenarar, leiarar og medlem frå alle idrettslaga invitert for å høyra føredragshaldar Trond Berge Høvik belysa det viktige temaet, og fortelja idretten korleis ein kan fanga opp disse barna og korleis ein kan bidra med å forhindra nye overgrep.

– Det er eit veldig, veldig viktig tema å få opp i lyset. Vi alle som jobbar med barn i idretten må ha dette i pannebrasken og prøva å sjå etter dei raude trådane som gjer at eventuelle sakar kan fangast opp, seier Erlandsen.

Høvik arbeider i SMISO, senter mot incest og seksuell overgrep, og er ein verdast fremste føredragshaldarar i temaet. Han har blant anna bidrege i arbeidet rundt den mykje omtalte Dark Room-saken i Bergen. Han er direkte når han held føredrag, og kjem med forferdelege historier undervegs.

– Det er veldig sterk kost med brutale fakta om kor gale det eigentleg er og kor mange barn som blir misbrukt rundt om. Du har verkeleg vondt i magen etter eit sånt føredrag. Men vi må ikkje vera naive og tenka at det ikkje skjer oss, for det skjer i Kvinnherad også. Difor er det viktig at vi har dette på dagsorden. Og vi vil no oppmoda klubbane i Kvinnherad til å ha beredskapsplanar på desse tinga, sånn at klubbane veit kva dei skal gjera om dei plutseleg står oppe i ein slik situasjon, seier Erlandsen.

Marius Tveit Nissestad, Grenda