Organisert trening kan starta at

Helsedirektoratet har no sidestilt organisert trening med eigentrening og idrettsaktivitetar kan gjennomførast når Helsedirektoratets anbefalingar om avstand og grupper følgjes.

I Kvinnherad kommune er det opp til kvart enkelt idrettslag når dei ønskjer å starta opp med organisert trening, men helsestyresmaktene sine tilrådingar om samling av personar og samling i grupper må kunna bli haldne. Det betyr per no at ikkje fleire enn fem personar er samla, det bør vera ein avstand på minst to meter mellom folk, garderobar skal ikkje bli brukt og ein ikkje bør ta på idrettsutstyr som kan vera smitta, f. eks. ein ball som andre har tatt på.

Forbodet mot idrettsarrangementa som ikkje kan ivareta minste kravet om 2 meters avstand, vil gjelde frem til 15. juni 2020. Innan da skal det komme en ny vurdering.

Meir om dette på: https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/veiledning-og-anbefalinger-om-idrettsaktivitet