Fritidskortet i Kvinnherad

Vi minner om at Kvinnherad kommune har vedteke å innføra Fritidskortet for å kunne gje fleire born og unge høve til å delta på organiserte fritidsaktivitetar. Fritidskortet er ei økonomisk støtteordning, der kvart born kan få inntil 4.000,- refundert pr år for å delta på ein fritidsaktivitet. Ordninga med Fritidskortet er knytt til Fritidserklæringa nasjonalt og i Vestland. Fritidserklæringa bygger på FN-konvensjonen om barn sine rettar, artikkel 31. Denne handlar om at alle barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.   

Fritidskortet skal administrerast via Friskus.com. Friskus har vore ei kommunal satsing i mange år, og fleire lag og organisasjonar bruka denne aktivt. 

For at born og unge skal få refundert kostnaden knytt til fritidsaktiviteten, må laget / organisasjonen først vere registrert på Friskus med ei arrangørside. Når dette steget er i boks, må de koble organisasjonen opp mot Fritidskortet. Dette er ein eingongsjobb, og tek ikkje meir enn nokre minutt å gjere.     

Treng du meir info eller hjelp med ordninga, ta kontakt med:

Bente Nilsen
Avdelingsleiar / driftsleiar avdeling nord
Kvinnherad frivilligsentral
Mobil 47488596

Meir informasjon om Fritidskortet:

Leave a Comment

You must be logged in to post a comment.