Nær éin million kroner til barne- og ungdomsaktivitetar
Idrettslag med aktivitetar for barn og ungdom får kvart år tildelt lokale aktivitetsmidlar. 13 % av spelemidla i Noreg går til dette føremålet, og for Kvinnherad sin del utgjer den samla summen kr. 855.371,-. I 2015 er det 19 idrettslag i Kvinnherad som etter reglane kan få slike midlar og beløpet til fordeling har aldri vore større enn no.
Styret i Kvinnherad idrettsråd har nytta desse kriteria til fordeling:
«Grunnlag for utrekninga er aktivitetstal frå idrettsregistreringa slik dei ligg føre i SportsAdmin i november 2015. Retningslinene frå KUD og NIF vert lagt til grunn. Alle idrettslag med barne- og/eller ungdomsaktivitetar får eit grunnbeløp på kr. 1.000,-. Dei resterande midlane vert fordelt med vekttal 2 for ungdom (13-19 år) og vekttal 1 for barn (6-12 år).»
I styremøte 17. november 2015 vart det såleis denne fordelinga vedteke:
| Idrettslag: | Beløp: |
| Folgefonn RC-klubb | 1.272 |
| Halsnøy IL | 99.012 |
| Halsnøy OL | 2.089 |
| Herøysund IL | 27.681 |
| Husnes Karate Klubb | 8.623 |
| Kvinnherad Badmintonklubb | 2.089 |
| Kvinnherad Golfklubb | 16.246 |
| Kvinnherad Håndballklubb | 60.896 |
| Kvinnherad Roklubb | 3.178 |
| Kvinnherad Undervannsklubb | 3.723 |
| Matre IL | 20.603 |
| Omvikdalen IL | 2.089 |
| Perlo kajakkubb | 5.628 |
| Rosendal Rideklubb | 16.791 |
| Rosendal TL | 127.055 |
| IL Strand-Ulv | 64.164 |
| IL Ternen | 17.063 |
| IL Trio | 314.639 |
| Uskedal IL | 62.530 |
Fordelinga er sendt til Hordaland idrettskrins for godkjenning og pengane vert utbetalt til idrettslaga i desember.
