Ny hall vil løfta lokalidretten

Den politiske leiinga i Kvinnherad kommune ønskjer å nytta inntekter frå kraftutbygging til å finansiera ny idrettshall på Husnes. Idrettsrådet rosar denne vilja.

Heilt sidan 1980-talet har det vore jobba med ein samla plan for Husnes idrettssenter,  men arbeidet stoppa opp kring 2005. Etterslepet er stort og idrettslaga har alt for lenge vore nøydde til sjølv å ta hovudansvar for utbygging av anlegg i Kvinnherad.

Formannskapet har i 2015 vist stor entusiasme på idrettens vegner og meiner dette som ein måte å gjere Kvinnherad meir attraktiv for unge. Dette samsvarar godt med idrettsforbundet sine verdiar, og idrettsrådet ønskjer denne utviklinga velkomen.

Kommunen vil ikkje få til bygging av ny fleirbrukshall på Husnes utan å investera eigne midlar i prosjektet. Det er difor viktig at kommunen sin eigen plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert lagt til grunn for det vidare arbeidet. I denne planen har nye idrettshallar på Husnes og i Rosendal høg prioritet, og det er føresett at desse prosjekta får eigne postar i kommunen sitt investeringsbudsjett.

Samstundes må det øyremerkast byggetilskot til ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivstiltak i bygdene elles. Dette er skildra i same plan, og det er føreslege ein million kroner årleg som ein høveleg start. Desse midlane vil i tillegg til å tenne dugnadsanda også utløysa tippemidlar.

Mest kvar bygd har «aksjar» i eit idrettslag. I ei tid der det offentlege effektiviserer drifta og sentraliserer tenestene er det viktig at den frivillige sektoren i samfunnet får styrka sine moglegheiter til å utvikla tilbod og møteplassar for innbyggjarane. Difor bør også driftstilskota aukast til ein million årleg. Også dette er ein start, og også dette står i idrettsplanen.

Idrettsrådet publiserte i juni 2015 ein uttale om dette og heile teksten finn du her:

KIR uttale 2015.06.10 idrettshall