Nytt stipend frå idrettsrådet

Alle idrettslag i Kvinnherad med aktivitetar for barn og ungdom kan hausten 2016 søkja om breiddestipend til tiltak eller prosjekt for aldersgruppa 6 – 19 år. Kvinnherad Idrettsråd har ein periode arbeidd med å etablere to lokale stipendordningar og vi er særs glade for at den første av dei no vert sett i verk. Seinare håpar idrettsrådet å få finansiert eit elitestipend i tillegg til breiddesatsinga.

Søknadsfrist for breiddestipendet er 16. oktober, og her finn du meir informasjon om ordninga.