Gjennomført søkekurs

I samarbeid med Kvinnherad kommune heldt idrettsrådet den 7. september 2015 kurs for idrettslag som vil søka om spelemidlar til idrettsanlegg.

Ni personar frå fire organisasjonar var med på kurset og fekk ein god gjennomgang av reglar og ordningar for finansiering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.

Kulturdepartementet fordeler kvart år tilskot av spelemidlane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vera del av kommunen sin handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og denne vert rullert kvart år.

Programmet for kvelden var slik:

  • Velkomen og kort orientering frå Kvinnherad idrettsråd v/Anbjørn Høivik, idrettsrådet
  • Rullering av handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune
  • Korleis søka? Søknadsskriving frå A – Å v/ Linda Øen, Kvinnherad kommune

Materiellet frå kurset kan lastast ned i pdf-format her:

Nyttig informasjon om spelemiddelsøknadar: http://www.idrettsanlegg.no/